SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereIT og ingeniørLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

voss.easycruit.com

Frist
22. november 2026
Stilling
Heltid · Vikariat
Felt
Barnehage
Utdanning
Fag- eller svennebrev
Sektor
Offentlig
Publisert
I dag3. november 2026
Kontakt
Eli-Pernille HorvikStyrar Evanger barnehage+47 99207167eli.pernille.horvik@voss.herad.no

StedHarabåsen 34, Voss

Vikariat i Evanger og Bolstad barnehagar

Voss herad Evanger barnehage

Frist 22. nov. · Heltid · Vikariat

Evanger barnehage og Bolstad barnehage søkjer etter ein engasjert fagarbeider/assistent med eit stort hjarte for born. Stillinga vil delast mellom dei to barnehagane ut i frå behov. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen.

Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår. Satsingsområdet i dei neste åra er «Alle barn skal bli lest for i vossabarnehagane kvar dag.»

Tidsrom for vikariatet:

  • Frå 01.12.2026 til 31.07.2027

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • ein kultur der me delar kunnskap og erfaring med kvarandre
  • gode kollegaer og eit positivt arbeidsmiljø
  • eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk

Arbeidsoppgåver

  • utvikla og ivareta eit godt samarbeid med born og føresette
  • sørgja for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø
  • være ein aktiv deltakar og bidragsytar i barnehagen sitt læringsmiljø

Kvalifikasjonar

  • fagbrev Barne- ungdomsarbeidar
  • anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan bli vurdert

Me ynskjer

  • målretta og fleksibel
  • som forstår barn sine behov og har evne til å byggja relasjonar
  • varm og grensesetjande
  • sjølvstendig og strukturert med god gjennomføringsevne
  • at borna skal møta engasjerte, kompetente og trygge tilsette som kan gje barna ein god barndom
  • at du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
  • deg som evne og har vilje til å samarbeid, samstundes kan jobba sjølvstendig

Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner du vil ha med deg, finn gode argument for kvifor de skal flytta hit på Hardanger og Voss kallar. Her ligg det ledige stillingar i regionen.

Informasjon om barnehagane

Evanger barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Evanger, ca. 20 minuttar frå Voss sentrum. Det er 15 barn i barnehagen i alderen 1 -5 år.

Bolstad barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Bolstad, ca. 30 minuttar frå Voss sentrum. Her er 14 barn i alderen 1 – 5 år.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Om arbeidsgiveren

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande