SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

ha.easycruit.com

Frist
28. oktober 2026
Stilling
Deltid · Vikariat
Utdanning
Fag- eller svennebrev
Publisert
16. oktober 2026

Barne- og ungdomsarbeidar

Hå kommune Bø skule

Frist i dag · Deltid · Vikariat

Vil du vere med på å skape ein trygg og inkluderande skulekvardag for elevane våre?

Vi har ledig eit 90 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 01.11.2026 til 30.06.2027.

Vi søker ein engasjert, varm og tydeleg vaksen som trivest med ein variert skulekvardag. Stillinga er knyta til 7. trinn, kor du vil jobbe tett på enkeltelevar både fagleg og sosialt, i mindre gruppe og i klasse. I tillegg innebærer stillinga arbeid på SFO der du er med på å leggje til rette for god leik, trivsel og kjekke aktivitetar før og etter skuletid, samt noko i skuleferiar.

Vi søker deg som er:

  • Trygg, varm og tydeleg med eit stort hjarta for barn
  • Robust, fleksibel og trivest i ein til dels uforutsigbar kvardag
  • God til å bygge relasjonar, og skaper tillit både hos store og små
  • God på samarbeid, og bidreg positivt i arbeidsmiljøet

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Anna relevant utdanning kan verte vurdert
  • Erfaring med oppfølging av barn som krev tett vaksenstøtte
  • Gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format , gif, jpeg, jpg eller png , saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no ) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest

Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.

Tilsetjingsvilkår

Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.

Om arbeidsgiveren

Hå kommune sitt administrasjonssenter ligg på Varhaug, ca. 40 minutter med tog frå Stavanger. Kommunen har over 20 000 innbyggjarar, velfungerande skuledrift, full barnehagedekning, gode helsetilbod og gode levekår.

I tillegg til eit rikt og variert kultur- og idrettstilbod finner ein flotte tur- og friluftsområder. Hå kommune sin visjon er "Me løfter i lag". Våre verdier er Åpen, Driftig og Stolt. Vi ønskjer oss medarbeidarar som kan identifisera seg med vår visjon og våre verdiar!