SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereIT og ingeniørLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

arbeidsplassen.nav.no

Frist
Snarest
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Administrasjon
Sektor
Privat
Oppstart
2026-12-01
Publisert
I dag2. november 2026
Kontakt
Gaute HvidstenStyreleiargaute@vosshk.no

StedFlyplassvegen 135, Voss

Vil du drive utvikling av luftsportsmiljøet på Voss?

Voss Hang Og Paraglider Klubb

Søk snarest · Heltid · Fast

Voss Hang- og Paragliderklubb søkjer dagleg leiar i 100 % stilling

Er du ein engasjert og initiativrik person som trivst med menneske, organisasjonsarbeid og utvikling? Vil du vere med og skape aktivitet, fellesskap og gode opplevingar i eit av Noregs største luftsportmiljø?

Voss Hang- og Paragliderklubb (Voss HPK) søkjer ein dagleg leiar som vil bidra til å vidareutvikle klubben og det lokale flygemiljøet. Vi er ein aktiv klubb med eit stort og mangfaldig medlemsmiljø, engasjerte frivillige og eit breitt aktivitetstilbod.

Klubben har ei sentral rolle i luftsportmiljøet på Voss og arbeider for å skape gode rammer for både nye og erfarne pilotar. Som dagleg leiar blir du ein viktig pådrivar for klubben si vidare utvikling. Du skal bidra til eit inkluderande, trygt og levande miljø der medlemmane trivst, utviklar seg og får gode moglegheiter til å utøve sporten sin.

Om stillinga

Som dagleg leiar får du ei variert og sjølvstendig rolle med stor moglegheit til å påverke både eigen arbeidskvardag og utviklinga av klubben.

Du vil arbeide tett med styret, fagleg leiar og tryggleiksgruppa, instruktørar, frivillige og medlemmar. Saman skal de vidareutvikle aktivitetstilbodet, styrkje fellesskapet og leggje til rette for eit aktivt og berekraftig flygemiljø. Arbeidskvardagen er prega av variasjon, samarbeid og høgt engasjement. Du får kombinere administrativt arbeid med praktisk tilrettelegging, prosjektutvikling og kontakt med menneske som brenn for sporten.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og vidareutvikle den daglege drifta av klubben
  • Vere ein pådrivar for eit aktivt, inkluderande og engasjerande medlemsmiljø
  • Utvikle kurs, aktivitetar, møteplassar og tilbod som skaper verdi for medlemmane
  • Leggje til rette for rekruttering, opplæring og vidare utvikling av pilotar
  • Planleggje og koordinere kurs, arrangement og andre aktivitetar
  • Støtte og samarbeide med instruktørar, frivillige, fagleg leiar og tryggleiksgruppa
  • Ha ansvar for administrasjon, økonomioppfølging og rapportering
  • Utvikle samarbeid med lokale aktørar, organisasjonar og offentlege instansar
  • Arbeide med prosjekt, finansiering og langsiktig utvikling av klubben

Kven ser vi etter?

Vi ser etter ein person som likar å ta initiativ, samle menneske og omsetje idear til handling.

Du er engasjert, løysingsorientert og trivst i eit miljø der aktivitet, frivillig innsats og samarbeid står sentralt. Du evnar å sjå både heilskapen og behova til den enkelte, og motiverast av å skape noko saman med andre.

Vi ønskjer at du har:

  • Gode evner til å samarbeide og å byggje relasjonar
  • Erfaring frå luftsport er positivt, eventuelt ilag med organisasjonsarbeid, leiing, administrasjon og prosjektarbeid
  • Struktur og gjennomføringsevne
  • God økonomisk og organisatorisk forståing
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk

Erfaring frå idrett, frivillig arbeid eller luftsport er ein fordel, men ikkje eit krav. Vi legg stor vekt på personleg eignaheit, engasjement og motivasjon for å utvikle klubben.

Kva kan vi tilby?

Hos oss får du meir enn ein tradisjonell kontorjobb.

Du blir ein del av eit sosialt, aktivt og engasjert luftsportmiljø med menneske som deler gleda over flyging, naturopplevingar og fellesskap.

Vi tilbyr:

  • Eit inspirerande og utviklande arbeidsmiljø med stort engasjement
  • Moglegheit til å forme og vidareutvikle eit av Noregs største luftsportmiljø
  • Ein variert arbeidskvardag med stor grad av sjølvstende og fleksibilitet
  • Tett samarbeid med dyktige instruktørar, frivillige og andre ressurspersonar
  • Rom for eigne initiativ, nye idear og fagleg utvikling
  • Ei meiningsfull rolle der arbeidet ditt har direkte verdi for medlemmane og lokalmiljøet
  • Løn og arbeidsvilkår etter avtale

Praktisk informasjon

Stilling: Dagleg leiar, 100 % fast stilling. Styre har moglegheit for å gjere tilpassing i stillingsskildring og storleik basert på kandidat og kompetanse.

  • Arbeidsstad: Voss
  • Arbeidstid: Fleksibel, med noko arbeid på kveld og helg i høgsesongen
  • Tiltreding: Snarast mogleg, etter avtale
  • Søknadsfrist: 13. november 2026

Søknader blir vurderte fortløpande, og aktuelle kandidatar kan bli kalla inn til intervju før søknadsfristen.

Slik søkjer du

Send søknad og CV til stillingar@vosshpk.no.

For spørsmål om stillinga, kontakt Malene Hetle Hole på malene@vosshpk.no eller tlf.: 90508620

Vil du vere med og skape framtida for luftsportmiljøet på Voss? Vi vil gjerne høyre frå deg!

Voss Hang- og Paragliderklubb

www.vosshpk.no

Om arbeidsgiveren

Voss Hang- og Paragliderklubb (Voss HPK) er Noregs største klubb for friluftsbasert luftsport, og eit sentralt samlingspunkt for paraglidar- og speedglidarpilotar frå heile landet. Med base i hjartet av ekstremsportbygda Voss, tilbyr me eit unikt miljø prega av eventyrlyst, fellesskap og høg kompetanse -- alltid med sikkerheit i fokus. Gjennom heile året arrangera me kurs, konkurransar og aktivitetar, og sommaren er vår høgsesong.