Tilkallingsvikar alle fellesfag
Møre og Romsdal fylkeskommune, Ålesund videregående skole
Frist 31. mars. · Deltid · Vikariat
Ålesund vgs har behov for vikarar i fellesfag ved begge lokalitetar (Fagerlia og Volsdalsberga). Behovet kan gjelde alle fellesfag, som for eksempel norsk, engelsk, samfunnskunnskap, historie, geografi, religion, kroppsøving, matematikk, naturfag og framandspråk.
Vikaroppdraga kan ha ulik varigheit avhengig av skolen sitt behov.
Arbeidsoppgåver
Undervisning/vikaroppdrag i alle fellesfag.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har formell undervisningskompetanse i fellesfaga norsk, engelsk, samfunnskunnskap, historie, geografi, religion, kroppsøving, matematikk, naturfag og framandspråk.
Vi tar kontakt med aktuelle søkjarar fortløpande.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har eit positivt elevsyn, har god relasjonskompetanse og kan vere ein trygg og tydeleg vaksenperson for ungdommane våre. Du må ha gode samarbeidsevner og delta aktivt i profesjonsfellesskapa ved skulen.
Vi tilbyr
- spanande og varierte arbeidsoppgåver
- ein arbeidplass kjenneteikna av høg kvalitet og profesjonalitet
- eit raust og inkluderande arbeidsmiljø
- gode pensjonsordningar
- løn etter tariff
Om arbeidsgiveren
Om skolen:
Ålesund videregående skole er den største i fylket med ca. 1400 elevar og eit stort mangfald av både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningar. Vi er lokalisert på Campus Ålesund (i Fagerlia) og på Volsdalsberga, med nært og godt samarbeid med NTNU Ålesund, Fagskolen Møre og Romsdal og regionalt nærings- og kulturliv.
Vi skal vere ein attraktiv og framoverlent skole med høg elevgjennomføring, og som leverer relevant kompetanse for både arbeidsliv og høgare utdanning.
https://alesund.vgs.no
