Sjukepleiar - fast stilling ved Godøy bukollektiv
Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Frist 1. nov. · Deltid · Fast
Vi har ledig fast 90% stilling som sjukepleiar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt, Godøy bukollektiv. Stillinga er ledig frå 25.01.2027.
Stillinga inngår i to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg.
Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar med fokus på god og trygg pasientbehandling. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål om stillinga.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Dei vanlege sjukepleieoppgåvene som til ei kvar tid gjeld i bukollektiv for eldre.
Arbeidsoppgåver blir endra ved behov.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar, og gjerne med vidareutdanning i geriatri. Helsefagarbeidarar kan òg søkje vikariatet og vil bli vurderte om vi ikkje får tilsett sjukepleiar i stillinga.
- Erfaring frå arbeid med geriatri og demensomsorg er ønskjeleg.
- God digital kompetanse.
- Sertifikat for bil.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Interesse for geriatri og demensomsorg.
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
Om arbeidsgiveren
Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv.
Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
