SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
6. november 2026
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Barnehage
Sektor
Offentlig
Publisert
22. oktober 2026
Kontakt
Natalie Zernichow FjalestadStyrar Treungen barnehage+47 47 62 92 75

StedSollivegen 27, Nissedal

Tilkallingsvikar for Treungen barnehage, Fjone barnehage og Kyrkjebygda barnehage

Nissedal kommune

Frist 6. nov. · Heltid · Fast

Treungen barnehage søkjer etter engasjerte og fleksible til

Som vikar hjå oss får du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag saman med barn og dyktige kollegaer.

Ta direkte kontakt med styrar i barnehagen dersom du er interessert!

Arbeidsoppgåver

  • Delta i det daglege arbeidet i barnegruppene
  • Bidra til leik, læring og omsorg
  • Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna
  • Samarbeide med kollegaer og føresette
  • Følgje rutinar og bidra til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Politiattest må leggjast fram før oppstart
  • Fagbrev er ein fordel, men ikkje eit krav

Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg vektlegges

Personlege eigenskapar

  • Er positiv, omsorgsfull og til stades i møte med barn
  • Har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel og kan stille på kort varsel
  • Har god arbeidsmoral og tek ansvar
  • Har lyst til å bidra til ein trygg og utviklande barnehagekvardag

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb med verdifulle erfaringar
  • God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Om arbeidsgiveren

Nissedal – der gode liv levast

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.

Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.

Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.