SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

bjornafjorden.easycruit.com

Frist
15. november 2026
Stilling
Heltid · Vikariat
Felt
Undervisning
Utdanning
Høyere utdanning
Publisert
I dag27. oktober 2026
Kontakt
Torgeir Hansen SkjælaaenRektor+47 93446996 +47 56575401torg@bjornafjorden.kommune.no

StedHegglandsdalsvegen 99, Bjørnafjorden

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Bjørnafjorden kommune Borgafjellet barneskule

Frist 15. nov. · Heltid · Vikariat

Vi har ledig 100 % vikariat i undervisningsstilling, frå 01.01.27 til 31.07.27.

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

I Bjørnafjorden kommune er vi opptekne av å skapa trygge og gode skulemiljø som gir elevane gode føresetnader for læring, meistring og trivsel. Vi satsar også på å utvikla sterke rammer for lesing gjennom heile opplæringsløpet. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad

Borgafjellet barneskule ligg på Hjelle, ved inngangen til Hegglandsdalen. Skuleåret 2026/2027 har vi 250 elevar og om lag 40 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lager vi gode rammer rundt barna.

Arbeidsoppgåver

Kontaktlæraroppgåver og undervisning på småtrinnet.

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir):https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad.

Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar

Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.

Vi ser etter medarbeidarar som

  • er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
  • er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
  • har kompetanse i begynnaropplæring
  • er framtidsretta innan digital undervisning
  • er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
  • har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega

Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. Ved intern tilsetting i delar av stillinga, kan det bli ledig deltidsstilling som timelærar.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?