Stillingstype
Det er ledig 80 % ekstraressurs stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Helland barnehage barnehageåret 26/27, andre vert også vurdert. Mulig tiltreding før 9. nov. etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Arbeid i barnehage som barne- og ungdomsarbeidar inneheld oppgåver som:
- medansvar for avdeling og det pedagogiske innhaldet i samarbeid med det øvrige personalet
- medansvar for planlegging, gjennomføring og tilrettelegging av det pedagogiske innhaldet
- medansvar for utviklingsarbeid
- foreldresamarbeid
- vere ein aktiv del av barnehagen sitt personale
- vise omsorg og vere til stades for enkeltbarn og barnegruppa- praktisk arbeid og tilrettelegging
Kvalifikasjonar
- fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget
- beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er bestått norsk på nivå B1/B2 - ha gode kommunikasjonsevne
Personlege eigenskapar
- er aktiv og engasjert
- har godt humør, vilje og evne til å jobbe i eit hektisk miljø i stadig utvikling
- har evne til å vise omsorg, sjå og anerkjenne barn
- er eit godt språkleg førebilde
- er fleksibel
- er stabil og ansvarsbevisst
- har evne til å ta imot rettleiing, rådgjeving og opplæring
- har evne til å samarbeide, arbeide i team, men og sjølvstendig
Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer - løn i høve gjeldande avtaleverk
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale
Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Referansar Oppgi referansar.
Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.
Om arbeidsgiveren
Helland barnehage er sentralt plassert i sentrum av Vestnes kommune med kort avstand til t.d. bibliotek og idrettsanlegg, samtidig som vi har kort avstand til naturen.
Barnehagen har i dag 8 avdelingar med 4 småbarn og 4 storbarnsavdelingar.
Vi har ein stor styrke i eit godt fagleg miljø i barnehagen med pedagogar og fagarbeidarar.
