Faglærar helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeid
Helse og oppvekst [helse_og_oppv], Møre og Romsdal fylkeskommune, Ørsta vgs [orsta]
Frist 15. nov. · Heltid · Fast
Ørsta vidaregåande skule har no ledig 100% faglærarstilling innan helse- og oppvekstfag/barne og ungdomsarbeidsfag. Stillinga er knytt til både vg1 helse- og oppvekstfag og vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag. Det kan også bli aktuelt med undervisning på vaksenopplæringa ved ressurssenteret vårt.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er primært knytt til undervisning innan vg2 barne og ungdomsarbeidarfag og vg1 helse- og oppvekstfag, og gjeldande læreplanar her. Avdelinga er spesielt ute etter kompetanse innan barnehagefeltet, og den som vert tilsett må ha utdanning og relevant nyare praksis og erfaring innanfor dette feltet.
Dersom ein i tillegg har kompetanse og/eller erfaring innanfor spesialpedagogikk eller arbeid med fleirspråklege barn eller elevar, er dette også aktuelt. Skulen har eit sterkt og godt fagmiljø innan helse og oppvekst. Å legge til rette for praksisnær undervisning og tverrfagleg samarbeid er viktig for oss som yrkesfagleg skule.
Den som blir tilsett vil verte ein "spydspiss" innanfor utdanning av barne- og ungdomsarbeidarar, og vere ein pådrivar i den pedagogiske utviklinga av dette fagområdet. Dette inneber også utstrakt samarbeid med andre, både internt og eksternt mot aktuelt arbeidsliv og andre samarbeidspartar. Kjennskap til praksisfeltet i lokalområdet vil derfor vere ein fordel.
Som del av arbeidet vil du også kunne få oppgåver som å vere kontaktlærar, og det kan også vere aktuelt at ein tek ansvar for ekstra tilrettelegging for elevar med behov for individuelt tilrettelagt opplæring.
Kvalifikasjonar
Vi søker deg som har barnehagefagleg utdanning på høgskulenivå. Variert og nyare erfaring frå fagfeltet blir vektlagt. For den som blir tilsett vil det bli stilt krav om å ha eller fullføre pedagogisk utdanning (PPU-Y eller tilsvarande).
Personlege eigenskapar
Vi set personlege eigenskapar høgt når vi tilset nytt personale ved skulen. Du må vere omgjengelig, sjølvstendig og ha gode samarbeidseigenskapar. Du må ha gode relasjonsferdigheiter, og høge ambisjonar på vegne av elevane.
Du må trivast saman med ungdom og vere ein trygg og tydeleg vaksen som framstår som ein god rollemodell for framtidige fagarbeidarar. Du må vere ein tydeleg leiar i klasserommet som evnar å bygge gode og trygge læringsmiljø, i relasjon lærar - elev og elevane i mellom.
Vi tilbyr
Som kollega ved Ørsta vidaregåande skule vil du verte del av eit arbeidsfellesskap med stor og komplementær kompetanse innan fagleg- pedagogisk arbeid, og som du får dra nytte av i eiga utvikling som lærar.
- Raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre, og bidreg inn mot fellesskapet.
- Stilling med stor grad av fleksibilitet og variasjon mellom arbeidsoppgåver knytt til undervisning, arbeid med ungdom og samarbeid med arbeidslivet.
- Å kunne jobbe i ein tverrfagleg organisjon med eit breitt kompetansefelt.
- Vere med i eit team i utvikling som skal bidra til kompetanseuvikling for elevar og arbeidsliv.
- Satsing på arbeidsgjevarpolitikk med tiltak for vekst og utvikling, kurs og opplæring etter behov.
- Ordna arbeidstid.
- Offentleg tenestepensjon
- Gode forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
- I løpet av få år vil vi flytte inn i nye og moderne undervisningslokale i Ørsta kultur- og kompetansesenter.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skulen (orsta.vgs.no)
Ørsta vidaregåande skule er eit naturleg sentrum for yrkesutdanninga på Søre Sunnmøre. Med kompetente og dyktige tilsette arbeider skulen vår for at du som elev skal oppleve å lukkast i utdanninga. Skulen er ein av dei mest tradisjonsrike yrkesskulane med ei unik historie over 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i fylket, nærmiljøet og regionen.
Vi er rundt 350 elevar, 50 vaksne deltakarar knytt til ressursenter for vaksne deltakarar og eit 80-tals tilsette fordelt på fem utdanningsprogram:
- Bygg- og anleggsteknikk
- Elektrofag
- Helse- og oppvekstfag
- Restaurant- og matfag
- Teknikk- og industriell produksjon
Skulen er ikkje større enn at vi har høve til å bli godt kjent med kvarandre i skulekvardagen. Det å kjenne seg trygge på kvarandre gir rom for ein tett relasjon mellom elev og lærar, noko vi veit er avgjerande for at skulen skal vere ein stad der læring skjer.
