Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer kantor/kyrkjelydsmusikar i 100% stilling
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Frist 30. nov. · Heltid · Fast
Ønskjer du å formidle kyrkja sin bodskap gjennom musikk, song og kulturarbeid? Har du engasjement for korarbeid, gudstenesteliv og kyrkjelydsbygging? Vi søkjer ein kyrkjemusikar som ser musikken som ein viktig del av gudstenesta og kyrkjelyden sitt liv.
I Fjell sokn får du høve til å vere med og vidareutvikle eit aktivt og mangfaldig kyrkjemusikalsk arbeid med lange tradisjonar og stort engasjement. Med visjonen «Fjell kyrkje – ei kyrkje for alle» ønskjer soknet å vere ein open og inkluderande møteplass der musikk, song og kultur er viktige bidrag til fellesskap, tru og tilhøyrsle.
Vi søkjer derfor ein kyrkjemusikar som ønskjer å byggje vidare på det gode arbeidet som allereie er etablert. Samstundes ønskjer vi å gje rom for at den som vert tilsett kan vidareføre og utvikle arbeidet på sin eigen måte, ut frå eigne styrkar, interesser og kompetanse.
Visjonen til Øygarden kyrkjelege fellesråd er «Nær Gud, nær menneske». Vi er eit stort fellesråd, med fem sokn og om lag 40 800 innbyggarar der 70,3% er medlemer i Den norske kyrkja. Fellesrådet har om lag 82 tilsette som er organisert i både fagseksjonar og tverrfaglege sokneteam. Stillinga er primært knytt til Fjell sokn, men inngår i kyrkjemusikkseksjonen i fellesrådet.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, ring oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.
Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle kvalifiserte til å søkje.
Personen som vert tilsett må ha eit personleg engasjement for Øygarden kyrkjelege fellesråd
Arbeidsoppgåver
Døme på arbeidsoppgåver:
- Leie og vidareutvikle det kyrkjemusikalske arbeidet i Fjell sokn i samarbeid med sokneråd, tilsette og frivillige medarbeidarar.
- Planleggje og gjennomføre musikk ved gudstenester, kyrkjelege handlingar og andre arrangement, og bidra til aktiv deltaking gjennom forsongarteneste og musikalsk medverknad.
- Vidareføre og utvikle korarbeidet i soknet, med særleg engasjement for barnekor og vaksenkor som viktige møteplassar og bidragsytarar i kyrkjelyden.
- Bidra til song- og musikkveldar, konsertar, utstillingar og anna kulturarbeid i kyrkjelyden, og vere med på å vidareutvikle kyrkja som kulturarena.
- Rekruttere, følgje opp og inspirere frivillige medarbeidarar innan det kyrkjemusikalske arbeidet.
- Vidareføre det gode samarbeidet mellom kyrkje, skule og barnehage.
- Delta i tiltak for barn og unge, mellom anna innan trusopplæring, T-dagsarbeid og konfirmantarbeid.
- Samarbeide med kyrkjemusikarane i fellesrådet om kyrkjemusikalske tiltak på tvers av sokna.
- Leggje til rette for at ulike musikalske uttrykk får sin plass i gudstenesteliv og kyrkjelydsarbeid.
- Gjere teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar i fellesrådsområdet etter oppsett tenesteplan.
Kvalifikasjonar
- Kyrkjemusikalsk utdanning eller anna relevant musikkutdanning.
- Må ha grunnleggjande ferdigheiter på både orgel og piano.
- Erfaring med korleiing eller musikalsk leiing er ønskjeleg.
- Interesse for ulike musikalske uttrykk og tradisjonar.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Erfaring frå tilsvarande arbeid er ein fordel.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein medarbeidar som:
- Har gode samarbeidsevner.
- Inspirerer til deltaking og engasjement.
- Trivst i samarbeid med frivillige, tilsette og kyrkjelyd.
- Arbeider sjølvstendig og strukturert.
- Har evne og vilje til å utføre praktiske og administrative oppgåver knytt til arbeidet
- Er utviklingsorientert og initiativrik.
- Ønskjer å byggje kyrkjelyd gjennom musikk, song og kulturarbeid.
Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Vi tilbyr
- Ei spennande og variert stilling med stort fagleg spelerom.
- Høve til å vidareføre og vidareutvikle eit etablert og aktivt kyrkjemusikalsk arbeid.
- Eit engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og frivillige.
- Godt samarbeid i kyrkjemusikkseksjonen og på tvers av sokna.
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar.
Om arbeidsgiveren
«Nær Gud, nær menneske.»
Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.
Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet.
Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.
Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.
