SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
17. januar 2027
Stilling
Heltid · Vikariat
Felt
Omsorg
Utdanning
Bachelor
Sektor
Offentlig
Publisert
I dag28. oktober 2026
Kontakt
Maria Charlotta Berg LangvikSeksjonsleiar(+47) 416 48 264

StedSjukehusvegen 14, Stad

Sjukepleiar? Nyutdanna eller med lang erfaring? Kom og jobb hos oss i sommar!

Medisin sengepost Nordfjord, Helse Førde

Frist 17. jan. · Heltid · Vikariat

Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer ferievikarar sommaren 2027. Periode: 14.06.2027 - 22.08.2027.

Vi har behov for:

  • Sjukepleiarar
  • Sjukepleiarar med kompetanse frå overvaking, observasjonspost, intensiv o.l.

Sengeposten er ein spennande heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av den augeblikkelege hjelpa frå regionen. Her får du møte mange ulike indremedisinske problemstillingar og opparbeide deg verdifull erfaring i eit variert og lærerikt fagmiljø.

Vi går i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Opplæring kan med fordel starte tidlegare.

Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide, og kva stillingsprosent du ønskjer.

Arbeidsoppgåver sengepost

  • Ta imot pasientar som kjem til avdelinga
  • Observasjonar og målingar av vitale parameter
  • Gruppeleiing og medikamenthandtering
  • Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, omsorg og aktivitet
  • Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal DIPS/Meona
  • Kontakt med kommunane via PLO-meldingar
  • Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
  • Ønskje om erfaring med DIPS/MEONA, men opplæring vil bli gitt

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande
  • Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du likar å arbeide i spennande og til tider krevjande situasjonar
  • Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel og engasjert

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

Om arbeidsgiveren

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.

Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.