Tilkallingsvikar kantinemedarbeider
Drift, Møre og Romsdal fylkeskommune, Gjermundnes vidaregåande skule
Frist 31. des. · Deltid · Vikariat
Tilkallingsvikar assistentar i skule, kantine og internat.
Arbeidsoppgåver
Som tilkallingsvikar vil du bli ein viktig ressurs når det er behov for ekstra hjelp ved sjukefråvær, ferieavvikling eller i travle periodar. Du får varierte arbeidsoppgåver og jobbar tett saman med eit hyggeleg og inkluderande team.
Arbeidsoppgåver:
- Tilberedning av enkle varme og kalde matrettar
- Servering og kundebehandling
- Betjening av kasse og varepåfylling
- Rydding, oppvask og reinhald av kantineområdet
- Sikre gode hygienerutinar i tråd med gjeldande regelverk
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå kantine, kjøkken eller servicearbeid er ein fordel, men ikkje eit krav
- Du er serviceinnstilt og trivs med å jobbe med menneske
- God hygiene og evne til å jobbe strukturert
- Kan ta vakter på kort varsel
- Gode norskkunnskapar
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
-Er positiv, fleksibel og påliteleg
- Jobbar godt både sjølvstendig og i team
- Møter elevar, tilsette og gjester med eit smil
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Hyggeleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring blir gitt
- Arbeidstider etter behov
Anna
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som blir tilsett må levere gyldig politiattest.
Om arbeidsgiveren
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Om skolen (gjermundnes.vgs.no)
Gjermundnes vidaregåande skole har dei siste åra hatt om lag 130 elevar kvart år. Skulen tilbyr internatplass til elevar utanom nærområdet.
Vi tilbyr opplæring innan naturbruk, mekaniske fag og allmennfagleg påbygging. Gjermundnes vidaregåande skule kombinerer tradisjon og nytenking. Skulen ligg i eit naturskjønt område ved Romsdalsfjorden, i Vestnes kommune, med gode kommunikasjonstilhøve i alle retningar.
