Vassenden heimeteneste har ledige stillingar
Sunnfjord kommune Vassenden heimeteneste
Frist 1. nov. · Heltid · Fast
Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg!
Vassenden Heimeteneste gir helse- og omsorgstenester til pasientar i alle aldrar, med hovudvekt på eldre. Pasientane bur anten i omsorgsbustad eller i eigen heim rundt om i bygda.
Hos oss blir du ein del av eit kompetent og engasjert fagmiljø der du får høve til å lære av dyktige kollegaer og bidra til vidareutvikling av tenesta. Vi legg vekt på samarbeid, fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.
Ingen dagar er heilt like i heimetenesta. Du møter pasientar med ulike behov og vil jamleg stå overfor nye situasjonar og utfordringar som krev faglege vurderingar og løysingar. Dette gir deg ei unik moglegheit til å utvikle breiddekompetanse og bruke både kliniske ferdigheiter, fagkunnskap og sjølvstende i praksis.
Dersom du trivst med ansvar, variasjon og meiningsfulle arbeidsdagar, håpar vi du vil søke stilling hos oss.
Vi har følgande stillingar ledig
- 100 % Fast stilling som sjukepleiar frå snarast
- 100 % Vikariat som sjukepleiar i perioden frå snarast - 31.08.2027
Stillingane inneheld ein variert arbeidskvardag med tredelt turnus og arbeid kvar 3. helg . Det er mogleg å jobbe langvakter og kvar fjerde helg med samla langfri dersom du ønsker det.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg oppfølging og behandling av pasientar
- Kartlegging, observasjon og dokumentasjon
- Medikamenthandtering
- Tverrfagleg samarbeid med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
- Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta
- Aktiv bruk av velferdsteknologiske løysingar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Vi søkjer etter deg som er
- Er fagleg engasjert og løysingsorientert
- Kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar
- Har gode samarbeidsevner
- Er fleksibel og trivst i ein variert arbeidskvardag
- Har interesse for teknologi og utvikling av framtidas helsetenester
- Bidreg positivt til eit godt arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetjing
Kva tilbyr vi?
- Eit godt og inkluderande fagmiljø
- Fokus på trivsel, samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Ein variert og spennande arbeidskvardag
- Faglege utfordringar og utviklingsmoglegheiter
- Arbeidsmetodar med bruk av velferdsteknologi
- Fleksible turnusløysingar med moglegheit for langvakter og arbeid kvar fjerde helg med samla langfri
- Kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Politiattest av nyare dato må leggast fram før start i stilling. Du søker elektronisk
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.
