Ferievikar dialyse sommaren 2027
Medisin sengepost Nordfjord, Helse Førde
Frist 17. jan. · Heltid · Vikariat
Medisinsk avdeling - Dialyseposten søkjer sjukepleiar til sommaren 2027.
- Arbeidsperiode: 16.06.2027 - 22.08.2027
- Arbeidstid: måndag til laurdag kl. 08.00 - 15.00
Avdelinga utfører hemodialysebehandling for pasientar med kronisk nyresvikt. Vi har åtte dialyseplassar og nyttar behandlingsmaskina Fresenius 5008.
Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjordeid. Her finn du vakker natur med gode moglegheiter for fjell- og friluftsliv, samt fiske i fjord og elv. Vi kan vere behjelpelege med bustad nær sjukehuset.
Vi ønskjer at du opplyser i søknaden kva periode du kan arbeide.
Arbeidsoppgåver
- Hemodialyse til pasientar
- Overvåking under dialyse
Kvalifikasjonar
- Dialysesjukepleiar eller erfaring fra hemodialyse på sjukehus
- Kjenne til behandlingsmaskin Fresenius 5008 eller lignande.
- Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere god kunnskap i norsk skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskapar
- Du er løysningsorientert
- Du er fleksibel og engasjert
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Fagleg nygjerrig
Vi tilbyr
- Eit hyggelig arbeidsmiljø med trivelige kollegaer
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.
Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
