Reinhaldar
Luster kommune Teknisk drift
Frist 2. nov. · Heltid · Fast
Teknisk drift har ansvar for drift- og vedlikehald av kommunale bygg, kommunale vegar, grøntanlegg og vatn- og avlaupsnett i kommunen. For tida er det tilsett over 40 personar ved teknisk drift - fagarbeidarar, vaktmeistarar og reinhaldarar. "Uteseksjon" held til i gode lokale i Gaupne, medan vaktmeistarar og reihaldarar møter/ arbeider ved dei ulike bygga rundt i kommunen.
Stillingsinformasjon
- Luster kommune har ledig fast 100% stilling som reinhaldar ved kommunale bygg.
Arbeidsoppgåver
- Reinhald ved kommunale bygg i kommunen
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldar er ønskjeleg, men ikkje noko krav
- Førarkort kl. B (Personbil)
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Me legg vekt på
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig
- Serviceinnstilt
- Lærevillig - bruk av reinhaldsmaskiner blir det meir av framover
Me kan tilby
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår.
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse.
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling.
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter gjeldande lønstabell, ansiennitet og avtaleverk.
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Om arbeidsgiveren
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden og er arealmessig blant dei aller største kommunane i Sør-Noreg.
Kommunen rommar både mektige tindar, djupe fjordar og snødekte brear. Folketalet nærmar seg 5500 innbyggjarar. Det er eit allsidig næringsliv med vekt på vasskraftproduksjon, landbruk og bærdyrking, reiseliv og turisme, innovativ profilering- og trykkeriverksemd.
Kommunesenteret Gaupne ligg rundt 25 minutt frå regionsenteret Sogndal. Luster har mange levande bygder og aktive lokalsamfunn. Det er eit godt og breitt kommunalt tenestetilbod. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575
