SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
10. november 2026
Stilling
Heltid · Fast
Felt
Helse
Utdanning
Bachelor
Førerkort
En fordel
Sektor
Offentlig
Publisert
I går26. oktober 2026
Kontakt
Iren Hovlidavdelingsleiar heimebasert omsorg41702314
Janita Engeset Ellingsetereiningsleiar+47 92620535

StedValderøya, Giske

Sjukepleiar - fast dagstilling i Valderøy omsorgsdistrikt, heimebasert omsorg

Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune

Frist 10. nov. · Heltid · Fast

Vi har ledig fast 100 % dagstilling som sjukepleiar i heimebasert omsorg frå 11.01.2027.

Stillinga inngår i 12 vekers turnus med kun dagvakter i vekedagane i tillegg til langvakter på dag/kveld kvar 4. helg. I turnusperioden kan det vere mogeleg med ei veke samanhengande fri.

I denne stillinga vil ein i tillegg til ordinære sjukepleieoppgåver blant anna ha fokus på prosedyrer, fag og utvikling i nært samarbeid med avdelingsleiar. Ein vil også ha eit tett samarbeid med korttidsavdlingar, tildelingskontor, velferdsteknikar, ergoterapeut, fysioterapeut og kvardagsrehabiliteringsteam.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål til stillinga.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Legg ved dokumentasjon på utdanning og praksis i søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Ha ein koordinerande funksjon med fokus på prosedyre, fag og utvikling, og sikre gode overgangar mellom korttidsavdeling, sjukehus og heimebasert omsorg.
  • Medansvarleg for dagleg vaktinnleige.
  • Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
  • Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
  • Bidra til eit godt omdømme.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar.
  • Erfaring frå stilling i heimeteneste
  • Ønskelig med erfaring frå koordinering av oppgåver i heimetenesta
  • God digital kompetanse og beherske velferdsteknologiske løsingar som arbeidsverktøy og fagsystem.
  • God rettleiarkompetanse.
  • Førarkort for bil.
  • Svært gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Stabil og trygg med god arbeidskapasitet.
  • Positiv, innovativ, fleksibel og løysingsorientert.
  • Særs gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
  • Lojal og omsorgsfull.

Vi tilbyr

  • Spanande fagmiljø med mange ulike arbeidsoppgåver innanfor rehabilitering, kortidspasientar, langtidspasientar og i heimebasert omsorg.
  • Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, men du er sikra løn tilsvarande stigen med 16 års ansiennitet.

Om arbeidsgiveren

Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv.

Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.