SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedArbeidsgivereLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

candidate.webcruiter.com

Frist
31. desember 2026
Stilling
Deltid · Vikariat
Felt
Undervisning
Sektor
Offentlig
Publisert
14. januar 2026
Kontakt
Mette GjefsenStyrer Liene barnehage97 71 94 41mette.gjefsen@sor-fron.kommune.no
Liv Randi SundhagenStyrer Harpefoss barnehage48124885liv.randi.sundhagen@sor-fron.kommune.no
Lisbeth T. ClausenFungerende rektor Sør-Fron ungdomsskule97665350lisbeth.clausen@sor-fron.kommune.no
Anne Rannveig AlmehagenRektor Midtbygda og Harpefoss skule48092032anne.almehagen@sor-fron.kommune.no

StedKommunevegen 1, Sør-Fron

Tilkallingsvikar - Skule og barnehage

Sør-Fron kommune

Frist 31. des. · Deltid · Vikariat

Dette er ei fellesannonse der du som ønskjer å vere tilkallingsvikar i barnehagane og skulane i Sør- Fron kan melde di interesse. Sør-Fron kommune har for tida 2 barnehagar og 2 grunnskuler:

  • Harpefoss barnehage
  • Liene barnehage
  • Midtbygda og Harpefoss skule
  • Sør-Fron ungdomsskule.

Ifrå hausten 2026 er det ein felles 1.-10. skule på Harpefoss.

Vi ber om at du oppgjev i søknaden om du ønskjer skule, barnehage eller begge deler, da dette har betydning for kva for politiattest som må leverast.

Søknadane blir behandla løpande. Dersom din søknad er av interesse vil du bli kontakta for samtale.

Arbeidsoppgåver

Tilkallingsvikar i barnehagane og skulane i Sør-Fron.

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg at søkjarar har relevant erfaring og interesse for arbeid med barn og unge. Politiattest av nyare dato er eit krav for stillingane.

Personlege eigenskapar

Personleg eignaheit, fleksibilitet og gode samarbeidsevner vil bli vektlagt.

Om arbeidsgiveren

Velkome åt Sør-Fron!

Vår visjon er «den grøne kulturbygda».

Sør -Fron er ei bygd med skaparkraft og hjarterom – ei trygg, inkluderande og innovativ kulturbygd med moglegheiter for alle. Trua på samhandling, likeverd og fellesskap skal vera førande for korleis vi løyser og utviklar oppgåvene våre saman.

Vi er om lag 400 tilsette som er stolte av å kunne levere gode tenester kvar dag til vel 3000 innbyggarar og fritidsinnbyggarar i Sør-Fron kommune.

Sør-Fron kommune skal vera inkluderande og mangfaldig, og våre tilsette skal spegle kommunen si befolkning. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søke jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, kjønnsidentitet, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn. Sør-Fron kommune legg vekt på å legge arbeidstilhøva til rette dersom du har behov for det.

Offentleg søkarliste

Sør-Fron kommune praktiserer prinsippet om meiroffentlegheit. Offentleg søkarliste vil normalt innehalde namn på samtlege søkarar. Det må ligge føre tungtvegande grunnar for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova §25.