SøkVilkår
Ledige stillingerJobb etter stedLagredeForsidenVilkår
Tilbake
Søk på stillingen

voss.easycruit.com

Frist
6. november 2026
Stilling
Deltid · Vikariat
Felt
Omsorg
Utdanning
Fag- eller svennebrev
Sektor
Offentlig
Publisert
I går26. oktober 2026
Kontakt
Iren Stalheim91809566iren.o.stalheim@voss.herad.no

StedOppheimsvegen 35, Voss

Helsefagarbeidar natt

Voss herad Område nord

Frist 6. nov. · Deltid · Vikariat

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene.

Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga

Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum. Det er 25 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Det er langtid og omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning i institusjonen

Fylgjande er ledig

  • 90% vikariat for helsefag/hjelpepleiar på natt, 3. kvar helg pluss 3 hinkehelger.

Vernepleiar og sjukepleiar og studentar som er ferdig utdanna våret 2027 kan og søkje. Stillinga er ledig og ein tilset fortløpande.

Arbeidsoppgåver:

  • Heilheitleg pleie og omsorg
  • Helsefaglege oppgåver
  • Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon
  • Primærkontaktoppgåve

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar - gjerne erfaring frå nattarbeid i sjukeheim
  • Vernepleiar
  • Sjukepleiar
  • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me ynskjer

  • Deg med glede av å arbeide i eldreomsorgen
  • Ein ny god kollega

Me tilbyr

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Rekrutteringstillegg for sjukepleiar på 20-25.000kr i året

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.

I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Om arbeidsgiveren

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.

Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande